Det reine og friske skal selje Noreg

Noreg - det naturleg reine og friske. Dette er hovudbodskapen når Innovasjon Noreg no lanserer den nye merkevarestrategien for Noreg som reisemål.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: torontotourist.com)(Foto: torontotourist.com)

(NPK): 14.000 moglege Noregsturistar er spurt kva dei ønskjer seg av landet vårt.

Noreg er framleis eit typisk naturbasert reisemål, men med den nye strategien skal landet stå fram mykje tydelegare og klarare som annleis enn dei landa vi konkurrerer med.

Noreg skal gi turistane opplevingar i vakker og rein natur, aktive naturopplevingar og oppleving av lokal kultur og levemåte.

- Målet er å bli nummer ein i kategorien vår, seier Sandra Hovland, direktør for Reiseliv i Innovasjon Noreg.

- Folk skal assosiere Noreg med det naturleg friske, og det er ein posisjon vi heilt åleine om. Strategien byggjer vidare på den merkevarestrategien for landet vårt som vart lansert i 2001.

I tida framover skal det utarbeidast nye grafiske element, slagord og kampanjar som byggjer på dei nye verdiane.

I oppfølginga av den nye strategien set Innovasjon Noreg og
reiselivsbransjen i gang ei rekkje tiltak. Nettstaden www.visitnorway.com skal også fornyast i tråd med den nye profilen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus