- Jesus gjekk på isen, ikkje vatnet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje Det nye testamentet gjekk Jesus på vatnet, men ein professor i Florida lanserer no ei noko mindre mirakuløs forklaring på dette. Han trur Jesus gjekk på isen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: christian.ac.th)(Ill: christian.ac.th)

Miami (NTB-Reuters): Doron Nof er professor i oseanografi ved Florida State University, og byggjer teorien sin på gammel statistikk over vêr og vassforhold i regionen.

På bakgrunn av dette meiner Nof å kunne fastslå at det var betydeleg kaldare i området for mellom 1.500 og 2.600 år sidan, med andre ord då Jesus skal ha levd der.

Så kaldt trur professoren det var, at det la seg is på vestsida av Genesaretsjøen der Jesus etter alt å døme var ute og gjekk. På is kan som kjent dei fleste av oss gå.

Nof lanserer teorien sin i siste utgåve av Journal of Paleolimnology, og er nøye med å understreke at det dreier seg om «ei muleg forklaring» på korleis historia om Jesus sin spasertur oppsto.

- Om du spør meg om eg trur at nokon gjekk på vatnet, så er svaret nei. Ikkje veit eg, men kanskje nokon var ute og gjekk på isen. Eg trur nok at det har si naturlege forklaring, seier Nof. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving