Plagsomme plagiatorar og føregangsvepsar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Når du har vore først ute med å vere kul, så kjem dei andre etter ei stund. Då nyttar det ikkje å seie «eg var først». Det er berre å finne på noko nytt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er denne farleg, eller later han berre som? (Foto: calvin.utvinternet.com)Er denne farleg, eller later han berre som? (Foto: calvin.utvinternet.com)

Det er kult å vere gul og svart-stripete, det er alle einige om. Vepsane ser slik ut for å sende ut ei åtvaring. «Ikkje et meg», seier åtvaringa, «eg stikk!».

Kul og farleg


Blomsterfluger stikk ikkje, og dei er gode små munnfullar for svoltne fuglar. Men blomsterflugene hermar etter vepsane for å vere litt kulare, litt farlegare, og altså ikkje bli etne.

Mange blomsterfluger har redda seg på å sjå mest mogleg ut som vepsar. Fuglane tar ikkje sjansen på at å bli stukne, og styrer unna det som eigentleg hadde vore eit festmåltid.

Innan kjendisverda er det David Beckham som er først ute med det siste. (Foto: iranmania.com)Innan kjendisverda er det David Beckham som er først ute med det siste. (Foto: iranmania.com)

Stikk kanskje


Når blomsterflugene liknar på vepsane, misser dessverre faresignalet dei gule og svarte stripene sender ut, litt av effekten sin. Signalet treng ikkje lenger å bety «ikkje et meg, eg stikk». Det kan også bety «eg er god å ete, men prøver å sjå farleg ut».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Viss det er like mange blomsterfluger som vepsar som ser «farlege» ut, så kan det hende at fuglane tar sjansen og et deg sjølv om du kanskje er litt farleg.

Finn på noko nytt


Då har altså vepsen eit problem, og må finne på noko nytt. Akkurat slik er det i moteverda og. Viss du har vore først ute med å vere kul, og alle andre plutseleg har herma og blitt like kule, så er det ingen vits å gå rundt å fortelje at «jamen eg var først».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje et meg, eg ser farleg ut. (Foto: uio.no)Ikkje et meg, eg ser farleg ut. (Foto: uio.no)

Det er mykje meir imponerande om du berre byrjar på nytt, og finn på ein heilt anna måte å vere kul på.

Besynderleg likskap


Evolusjonsøkolog Øystein Haugsten Holen har nett tatt doktorgraden ved Universitetet i Oslo på dette fenomenet, som kallast mimekry. Altså at ubeslekta artar i naturen har ein besynderleg likskap. Artane som etterliknar kvarandre, kallast for mimetiske artar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det finst gode studier på mimekry, men det har vore lite fokus på korleis modellarten (den som blir herma etter, i dette tilfellet vepsen), reagerer evolusjonært på å bli etterlikna.

Vil ikkje likne på seg sjølv lenger


Øystein Haugsten Holen har laga ein matematisk modell som viser at det er ei teoretisk moglegheit for at modellarten gjennom generasjonar utviklar seg til å bli mest mogleg ulik dei plagsomme plagiatorane. Det vil seie mest mogleg ulik seg sjølv.

Vi som har vore foregangskvinner i moteverda forstår vepsen godt, og ønskjer han lykke til med å finne på noko betre enn svart og gult.

Kjelde: Forskning.no

Les meir på nettet:


Les meir i Neste Klikk:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving