Proteinrik svangerskapsmat gjev stresskjenslege barn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Barn av mødrer som får i seg mykje proteinrik mat seint i svangerskapet ser ut til å vere meir kjenslege for stress under oppveksten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: gallery.hd.org)(Foto: gallery.hd.org)

(NPK): Det går fram av ein studie som er gjort av forskarar ved University of Edinburgh, University of Southampton og European Congress of Endocrinology i Glasgow.

Den britiske forskargruppa har følgt barn av mødrer i Motherwell i Skottland som på slutten av 1960-talet vart rådd til å ete mat med mykje protein og lite karbohydrat under svangerskapet - det vil seie mykje raudt kjøt.

Forskarane fann at di meir kjøt mødrene hadde hatt i seg under svangerskapet, di høgare nivå av stresshormonet cortisol hadde avkommet deira i dag, nærare 40 år etter. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving