Bråtebrann på godt og vondt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er det eit herleg vårteikn eller ei sann plage? Folk har så ulike oppfatningar av bråtebrann.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lukta av røyk, gjerne litt svart og sur, i lyse vår-ettermiddagar. Har du kjent det? Då er det bråtebrennaren som er ute.

Kva er bråtebrann?


Lat oss ta definisjonen fyrst: Bråtebrann er å kvitta seg med plantemateriale ved å brenna det opp. Det kan vera anten kvist, greiner, lauv og slikt som ein dreg saman til eit lite bål, eller det kan vera gamalt gras som ein tenner på og svir av der det står.

Sjekk reglane i kommunen din før du byrjar brenna bråte. (foto: Øystein Skjæveland)Sjekk reglane i kommunen din før du byrjar brenna bråte. (foto: Øystein Skjæveland)

Ikkje alt er lov


Men det er ikkje heilt uproblematisk å brenna bråte, av mange grunnar. For det fyrste er det ikkje utan vidare lov, og for det andre må ein passa på så ikkje ulempene vert for store for grannane og for miljøet.

Det er kommunen som avgjer kor mykje du har lov til å brenna, og brannsjefen er kontaktpersonen.

Reglane


Etter den 15. april har du ikkje lov å gjera opp eld i skog og mark utan løyve frå brannsjefen. Du kan brenna hageavfall, men då etter visse reglar:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
  • Du kan berre brenna kvist, lauv, gras og liknande (altså ikkje potetskrell, bygningsavfall og plastposar)

  • Du må ikkje brenna nærare enn 8 m frå ein bygning, eller 10 m frå skog og mark

  • Du bør ikkje brenna i sterk vind eller i tørkeperiodar

  • Tenk på grannane - det er ikkje sikkert dei vil ha svart røyk inn kjøkenglaset

  • Du må ikkje brenna etter at det er mørkt

  • Du må ha hageslange eller andre sløkkjemiddel klar til bruk ved bålet

  • Hugs å sløkkja bålet forsvarleg når du er ferdig med å brenna

  • Dersom du fylgjer desse retningslinene treng du ikkje melda små hagebål og liknande til brannvesenet

  • All brenning skjer på eige ansvar


Plagsam røyk


Røyken frå eit bråtebål er heller ikkje ufarleg, særleg om bålet er vått. Og det er det gjerne om våren.

NILU (Norsk institutt for luftforskning) har forska på bråtebrannrøyk, og meiner ein bør la vera å brenna bråte. Bråtebrannrøyken vert ofte liggjande lågt over bakken og vert lite uttynna, og innhaldet i røyken er ofte til plage for dei som har astma og andre luftvegsproblem, skriv NILU.

Kva er bråtebrannrøyken?


Dersom du brenn 10 kg hageavfall vil det tilføra lufta m.a.:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
  • ca. 1 kg karbonmonoksid (CO)

  • ca. 1 kg sot/oske/støv

  • ca. 25 g aldehydar

  • ca. 5 g PAH-sambindingar

Ingen av desse stoffa er noko særleg stas å pusta inn. Til dømes kan CO-innhaldet i bråtebrannrøyk vera 3-4 gongar høgare enn ei heil gate full av bilar på tomgang.

Røyk frå bråtebrann kan innehalda 3-4 gongar så mykje CO som lufta i ei gate full av bilar på tomgang. (foto: newswww.bbc.net.uk)Røyk frå bråtebrann kan innehalda 3-4 gongar så mykje CO som lufta i ei gate full av bilar på tomgang. (foto: newswww.bbc.net.uk)



Lag heller kompost


Ei anna side ved bråtebrann er at det er mykje verdfullt materiale som går tapt på den måten. Planteavfall kunne heller bli til kompost og koma til nytte som gjødsel og jordforbetringsmiddel.

Ein enkel hagekompost er lett å laga: berre legg alt avfallet i ein haug. Litt ryddigare vert det dersom du lagar ein karm av fjøler rundt, for å halda haugen på plass.

Går du eit steg vidare kan du laga to karmar: Ein som du fyller opp i år, og ein som du brukar til neste år. Då kan den fyrste få liggja i fred og godgjera seg, og året etter der att kan du spa ut fin kompostjord og ha på rosene eller i potetåkeren.

Kjelder:


Les meir på nettet:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving