Pappa streiker på taket

Artikkelen fortsetter under annonsen

James Wilson er glad i kona si og i ungane sine, men no meiner han at nok er nok. For tida sit han på taket på huset sitt og streikar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

James Wilson er lei av at kona ikkje tar han på alvor. (Foto: freep.com)James Wilson er lei av at kona ikkje tar han på alvor. (Foto: freep.com)

Redford, Michigan: James (33) og kona Valentina (32) er foreldre til Jayla på 3 månader og James III på 2 år. Som småbarnsforeldre flest har dei ungane på nattebesøk i senga si meir eller mindre konstant. Men no har James fått nok.

Bur i telt


Etter å ha tigga og bede kona si om å slutte å ha ungane med seg i ektesenga utan resultat, har han gått til streik. Han har flytta ut på taket på heimen sin kor han har slått seg ned i eit telt. Utanfor teltet har han sett opp plakatar som annonserer «Ektemann i streik» . Ovanikjøpet har han starta ein eigen blogg om saka: Husband On Strike.

Litt mindre bleier, takk


I bloggen seier han at han ikkje har til hensikt å hengje ut kona si som ei dårleg mor.
- Ho er ei fantastisk mor, eg føler berre at ho taklar ein del ting feil, slår han fast.
- Eg vil at soverommet vårt skal vere ein stad me to kan rømme til, ikkje ei dyngje av bleier, seier han til Detroit Free Press.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det blir tid seinare


Etter at han gjekk ut i streik i slutten av mars, har han fått merksemd både frå den trykte pressa og frå tv. Også kona har fått slippe til med meiningane sine.

Nei, seier James, slik vil eg ikkje ha det. Men kona meiner det er ok. (Ill: Frå boka The Biggest Bed in the World/Harpercollins Childrens Books)Nei, seier James, slik vil eg ikkje ha det. Men kona meiner det er ok. (Ill: Frå boka The Biggest Bed in the World/Harpercollins Childrens Books)

- Me får all den intimiteten me treng, seier ho til ABC news.
- Eg trur han kjem ned frå taket når han blir kald og svolten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Valentina meiner at dei tre åra dei hadde saman før dei fekk ungar gav dei masse tid til å vere saman som elskarar, og at dei no må vie seg meir til ungane.
- Me får meir tid saman etter at ungane er blitt store.

Desperate mannfolk


James på si side har svara med å opprette «National Association of Desperate Husbands» kor han har utpeikt seg sjølv som leiar.

Han reknar med at han har mange menn på si side i saka og at fleire fedrer enn han sjølv kjenner seg att i problemstillinga.
- Dette er krig, og eg har tenkt å vinne.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Varme kjensler


No kan det sjå ut som om ekteparet Wilson slettes ikkje har det heilt store ekteskapet, men dei er både to svært rosande i sine omtaler av kvarandre og legg ikkje skjul på kor høgt dei elskar einannan. - Eg beundrar og elskar ho inderleg, bedyrar Jason i bloggen sin.

Romantisk date?


Dei har snart fem års bryllaupsdag, og då ønskjer Jason å ta kona si med på ein romantisk date på ein fin restaurant. Det vil gjerne Valentina vere med på.
- Utan ungar, seier James.
- Med, seier Valentina.

Du kan kanskje hjelpe ekteparet med å ordne opp i denne floken? (Foto: virtualclinics.net)Du kan kanskje hjelpe ekteparet med å ordne opp i denne floken? (Foto: virtualclinics.net)

Løysinga blir...


James Wilson er marknadskonsulent og veitt verdien av omtale og reklame. Han seier at han sjølvsagt kunne flytte heim til ein kompis i staden for å slå seg til på taket. - Men eg ønskte å vekkje merksemda til kona mi, og det har eg greidd.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han har og greidd å få merksemda til store delar av USA, og inviterer sjølvsagt folk til å meine noko om dilemmaet han og kona har havna i. Så kva meiner du?

Vil ha di meining


Bør Jason vente med å krevje ungane ut av senga til dei har blitt litt eldre og heller fokusere på ungane no medan dei er små?
Bør Valentina sjå verdien i å ha ein ektemann som ønskjer å investere i ekteskapet med å sørgje for at dei har litt tid for seg sjølve?

Du kan svare Jason i bloggen hans, eller du kan dra i gong debatten her.

Meir i Neste Klikk og Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving