TV og spel like farleg som tobakk

Artikkelen fortsetter under annonsen

TV og TV-spel er like helseskadeleg for barn som sigarettar for vaksne og burde seljast med helseåtvaring.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: gamezone.qq.com)(Foto: gamezone.qq.com)

(NPK): Det meiner amerikanske forskarar i ei spesialutgåve av fagtidsskriftet Archives of Pediatric and Adolescent Medicine.

Forskinga viser at barn som brukar mykje tid på TV og ulike former for valdsorienterte TV-spel har auka risiko for å bli overvektige, for å ty til tobakk og alkohol, risikabel seksuell åtferd, valdeleg åtferd og sosial isolasjon.

Det er forskarane Dimitri Christakis og Frederick Zimmerman ved University of Washington i Seattle som meiner forskinga på området er så eintydig at TV- og spelbruken til barn burde sjåast som eit helseproblem på linje med tobakksbruk.

- Vi utfører eit stort kontrollert eksperiment på barna våre og ventar for å sjå kva resultata vil bli, seier Christakis til New Scientist.

I USA brukar barn meir tid på å sjå fjernsyn og leike med videospel enn dei brukar på å sove. Kvart tredje barn under seks år har TV på rommet sitt. Trenden er at barn heilt ned til spedbarnsstadiet blir utsett for timevis med TV-sjåing per dag. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving