Mange blir sjuke på jobb

Artikkelen fortsetter under annonsen

Smitte på arbeidsplassen vert eit stadig større problem, går det fram av ei ny gransking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: bandura.ru)(Foto: bandura.ru)

(NPK): Barn har lenge vore rekna som den største smittekjelda av forkjøling og influensa, men ei amerikanske gransking fortel at dette er ein myte. Det er nemleg mykje meir smitte blant vaksne på jobben, skriv Reuters Health.

Forskarar ved National Institute of Health og University of Pennsylvania studerte alle statistikkar og rapportar om influensa frå dei siste 30 åra. Der fant ein ut at mykje av smitten finn stad blant arbeidstakarar på veg til og frå jobb, der ein ofte står tettpakka på overfylte bussar og tog. Men kontorpultar, telefonar og tastatur er også sentrale smittekjelder.

- Virus og bakteriar vert spreidde når ein hostar og nys, men smitten kjem svært ofte frå hendene. Om ein sjuk person tek seg til nasen eller munnen, for så å snakke i telefonen eller bruke tastaturet til pc-en, legg vedkomande att bakteriar som raskt vert plukka opp av andre, seier Cecilie Viboud, forskar ved National Institute of Health.

Ifølgje Viboud står yrkesaktive som reiser mykje i jobbsamanheng for det største smitteomfanget.

- Medan barn hovudsakleg spreier smitte i barnehagen, på skulen og i heimen, spreier vaksne det frå by til by og frå stat til stat, seier ho.

I rapporten konkluderer forskarane med at dette fenomenet vil stå sentralt i det vidare arbeidet med å førebyggje spreiing av influensa.
Hanne Nøklebye er leiar av smitteverndivisjonen ved Folkehelseinstituttet her i Noreg og presiserer at vaksne kan bli flinkare til å førebyggje smitte.

Det handlar rett og slett om å ha gode rutinar på handvask, og å bruke papir eller lommetørkle når ein hostar eller nys. Ho meiner at arbeidstakarar som hanglar seg gjennom dagen bør vurdere å halde senga.

- Det er ikkje så lurt å presse seg på jobb. Nokre gonger kan det vere betre for både ein sjølv og andre om ein held senga, seier Nøkleby til nettstaden Mozon.no. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving