Bush kan ha svenske anar

Artikkelen fortsetter under annonsen

George W. Bush kan ha svenske anar, konkluderar The Swedish Colonial Society som har granska presidenten si stamtavle.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: outfoxed.org)(Foto: outfoxed.org)

Stockholm (NTB-TT): Ifølgje den amerikanske foreininga kan ein spore Bush-slekta tilbake til ein viss Måns Andersson frå Värmland, som forlet Göteborg om bord i skipet «Kalmar Nyckel» ein oktoberdag i 1639.

Nokre månader seinare kom Andersson til kolonien Nya Sverige ved Delaware-elva for å byrje på sitt nye liv.

- George W. Bush og slekta hans er svært interessert i desse opplysningane. Dette er deira eldste kjende europeiske røter, seier David Emmi i The Swedish Colonial Society til Svenska Dagbladet.

Måns Andersson slo seg opp på tobakksdyrking og skal ha reist sin eigen gard som han døypte Silleryd. Slektsgranskarne trur derfor at han opprinneleg kom frå Sillerud i Värmland.

The Swedish Colonial Society blei grunnlagt i Pennsylvania i 1909, og har som føremål å ta vare på historiske materiale om svenskar og finnar i USA. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving