Livet til skjelpaddene via satellit

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kanariske instituttet for maritim vitskap (ICCM) har sett ut tre skjelpadder som er utstyrte med radiosendar slik at ein kan følgje dei via satellitt for å studere livet deira.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: www.fieldtripearth.org)(Foto: www.fieldtripearth.org)

(NPK): Dei tre skjelpaddene, som måler mellom 51 og 55 centimeter, høyrer til arten Caretta caretta og vart sett ut i havet ved Taliarte, frå det kanariske forskingsskipet Pixape II, som er eigd og drive av den kanariske regjeringa.

Målet er å kunne studere dei lokale skjelpaddene på Kanariøyane og Kap Verdeøyane.

Forsøket er eit samarbeid mellom ICCM, miljøverndepartementet på Kanariøyane og miljøvernstyresmaktene på Kap Verdeøyane.

Ved hjelp av radiosendarane vil ein kunne sjå korleis og kvar skjelpaddene livnærer seg, korleis migrasjonen er og korleis skjelpaddene utviklar seg over tid.

Ingen av dei tre skjelpaddene er enno kjønnsmodne, og det gir forskarane høve til å følgje også denne delen av utviklinga. (NPK)



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving