Einsemd aukar risikoen for høgt blodtrykk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei ny undersøking framhevar helseeffekten ved å ha venner og familie, og viser at folk som kjenner seg einsame har større risiko for å utvikle høgt blodtrykk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: www.nutrishield.com)(Foto: www.nutrishield.com)

(NPK): 229 menn og kvinner mellom 50 og 68 år er kartlagt gjennom undersøkinga. Dei måtte også til ein grundig helsesjekk og blant anna svara på spørsmål som gav eit oversyn over i kva grad dei følte seg einsame.

Einsemd viste seg å vera nær knytt til høgt blodtrykk, også når tradisjonelle risikofaktorar som vekt, røyking og alkohol vart teke med i vurderinga.

Dei som var mest einsame hadde blodtrykksmålingar som var oppimot 30 einingar høgare enn dei som sa at dei ikkje var einsame.

- Det er overraskande at samanhengen er så sterk, uttaler leiaren av undersøkinga, Louise Hawkley ved University of Chicago, og legg til at einsame kan betre situasjonen sjølve ved å delta i aktivitetar som gjer at dei kjem seg ut blant andre folk.

Studien er publisert i marsutgåva av Psychology and Aging. (NPK)



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving