Radio på nettet - berre for deg

Høyrer du på nettradio? Er du lei av NRK? Det finst alternativ.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Pandora finn den musikken du helst vil høyre.Pandora finn den musikken du helst vil høyre.

Sit du mykje foran pc-en? Likar du å utvide horisonten gjennom øyrene? Då kan du finne mykje artig og avhengigheitsskapande på nettet.


Alt du vil ha
Pandora

er ein amerikansk nettradio som spelar akkurat den musikken du vil ha, inkludert ein heil masse du ikkje visste at du ville ha. Du skriv inn ein artist eller ein låt du kunne tenkje deg å høyre, og så blir det laga ein radiokanal berre for deg, med musikk som liknar på det første valet ditt.

Og blir du lei av denne sida av smaken din, er det berre å lage ein ny stasjon etter ei stund. Den første kan du gå tilbake til, og du kan lage så mange stasjonar du vil.

Frå Chet Baker til Cannibal Corpse


Altså: Viss du har lyst til å høyre for eksempel Chet Baker og liknande, skriv du inn Chet Baker, og Pandora lagar eit program med songar som det er sannsynleg at du likar viss du likar Chet Baker. Når du blir lei av å like musikk som liknar på Chet Baker, skriv du inn til dømes Cannibal Corpse, og så får du ein heilt anna kanal til avveksling.

Sånn kan du drive på heile dagen. Det einaste problemet er at etter ei stund må du registrere deg, og då oppdagar du at

Pandora

berre er tilgjengeleg for folk som bur i USA eller som kan hoste opp eit amerikansk postnummer. Vi får berre håpe at tilbodet blir ope for oss europearar snart.

Last.fm er eit europeisk alternativ til endelaus og gratis balsam eller utfordring for øyrene.Last.fm er eit europeisk alternativ til endelaus og gratis balsam eller utfordring for øyrene.

Mykje artig musikk


Eit europeisk (engelsk) alternativ er

Last.fm

, der du kan velje mellom ei nesten endelaus rekkje med forskjellige musikkstilar.

Last.fm

lar deg også gjere noko liknande som Pandora gjer, men du må installere litt ditt og datt, og eg må innrømme at eg ikkje kom heilt i mål, og i staden byrja å plukke i dei ferdig oppsette programma, noko som funka heilt fint etter ein liten registreringsrunde.


Ein fin lapskaus


Open for alle er

Per Platou

sin nettradio

mpepe3 eclectic testicle radio

som, i følgje Platou sjølv er «den beste nettradioen overhovudet for den som er litt åpen for elektronika, folkemusikk, støy, poesi, pop og country og masse anna i ein evig lapskaus».

Radio-locator hjelper deg å finne den nettradioen du treng, uansett kor i verda han er.Radio-locator hjelper deg å finne den nettradioen du treng, uansett kor i verda han er.

Alle radioane i heile verda


Til slutt tar eg med nettstaden

Radio-locator

som har som ambisjon å hjelpe deg å finne alle nettradioane i heile verda. Der har du altså noko å holde på med ei stund.

Viss du, etter å ha kosa deg med

Radio-locator eller berre heilt av deg sjølv, har tips til fleire artige nettradioar, er du velkomen til å dele dei med andre ved å skrive i kommentarboksen lenger nede på sida.


ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus