Sonar frikjend for kvalstranding

Militære sonarar fekk skulda då 36 kvalar gjekk på land ved eiga kraft i North Carolina i USA i januar 2005.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: parks.tas.gov.au)(Foto: parks.tas.gov.au)

(NPK): Etter å ha studert episoden det siste året seier det amerikanske National Marine Fisheries Service (NMFS) at det ikkje er mogleg å påvise noko samband mellom strandinga og bruk av sonar.

Kvalane stranda i eit område der den amerikanske marinen dreiv øvingar med sonar på det aktuelle tidspunktet. Ein har difor trudd sonarane var årsaka til den uvanlege åtferda. Men ingen ting tyder på at sonarane har skremd kvalane på land eller ført til dykkesjuke etter å ha gått til overflata for brått.

New Scientist skriv at forskarane ved NMFS trass dette ikkje har noko god alternativ forklaring på kvifor kvalane sumde på land. Det står att å forklare kvifor kvalar strandar seg sjølv. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus