Polske opera-arbeidarar fekk 62 kroner timen

Tjue polske snekkarar som arbeider med å byggje den nye Operaen i Bjørvika blei trua til å godta 62 kroner timen og to dusjar på deling. Falske papir har dekt over forholda.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Ill. foto: myimpactengine.com )(Ill. foto: myimpactengine.com )

Oslo (NTB): LO-koordinator Knut Farholm har avdekt ei rekkje alvorlege brot på lover og avtaler under bygginga av det nasjonale prestisjeprosjektet Operaen, skriv Dagsavisen.

I tillegg til ei slaveløn på 62 kroner i timen har arbeidarane, som jobbar for det polske firmaet Inside, ikkje avtale om ferie eller feriepengar.

Dei har ikkje fått sjukepengar som dei skal. I tillegg er dei blitt innkvarterte både to og fire saman på rommet på eit hospits.

Ifølgje tariffavtalen for bygningsarbeidarar har dei krav på minst 126 kroner timen, og innkvartering av «alminneleg god standard».

Fellesforbundet meiner dei tjue snekkerane har krav på å få etterbetalt opp mot tre millionar kroner i løn og godtgjeringar sidan november.

Forholda er forsøkt skjult bak falske papir i stort omfang, ifølgje Farholm.

- Inside har dokumentert det dei er blitt bedne om å dokumentere av sine oppdragsgjevarar. Men det har vore forfalskingar og løgn heile vegen. Arbeidarane er blitt trua til å signere falske lønnsslippar og arbeidskontraktar. Dei er blitt trua med sparken, og at dei ikkje får
kome tilbake til Noreg etter påske. Dei er også blitt trua med ubehagelegheiter hjemme i Polen, seier Farholm til Dagsavisen. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy