Tok sædprøve med bilen i fart

Eit ektepar som var på veg til Førde sentralsjukehus for å levere sædprøve, tok prøva med bilen i fart og mannen ved rattet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: barzelay.net)(Foto: barzelay.net)

(NPK): Dermed fekk politiet tips om vinglete køyring, og rykte ut, melder Firda.

Bilen vart stoppa utanfor Førde, og politiet fann eit ektepar i bilen, der mannen køyrde og kona sat på. Politiet fann fort ut at ekteparet var klink edru. Men kvifor denne underlege vinglete køyringa?

Ekteparet forklarte då at dei var på veg til sjukehuset i Førde for å levere ein sædprøve. Prøven hadde dei teke undervegs i bilen. For å vise at historia deira var sann, viste dei fram prøven dei hadde teke, skriv Firda.

Politiet trudde på historia. Og ekteparet slapp unna med å love bot og betring. Dei lova på tru og ære at neste gong dei skal ta sædprøve, stoppar dei bilen først. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy