Legg på seg av kantinematen

Kantinelunsjen er ei viktig årsak til overvekt, ifølgje ein ny dansk rapport. Og vi snakkar ikkje då om kantiner som utelukkande har egg, bacon og wienerbrød på menyen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: 11er.at)(Foto: 11er.at)

(NPK): Dei danske helsestyresmaktene er uroa sidan det kom fram at to av tre tilsette får i seg for mykje feitt gjennom ein heilt ordinær lunsj, skriv Jyllands-Posten.

Ifølgje matkonsulent ved Opplysningskontoret for frukt og grønnsaker, Toril Gulbrandsen, går utviklinga innanfor kantinebransjen i Noreg rett veg. Ho er prosjektleiar i Grønne Kantiner, som jobbar for å auke forbruket av frukt og grønt i norske bedrifter og skular.

- Det har skjedd mykje positivt i kantinebransjen dei siste åra. Det er mange leiarar som ønskjer å skape ein sunnare profil på mattilbodet. Mange kantineoperatørar er medvitne om ansvaret sitt, og tilbodet av frukt og grønt har auka mykje den siste tida, seier ho til nettstaden Mozon.no.

Gulbransen peikar på at det er blitt meir attraktivt å jobbe i kantine, og ho meiner at yrkesstoltheita blant aktørane spelar ei viktig rolle.

(Foto: meergroden.nl)(Foto: meergroden.nl)


- Kantinearbeid er ein spennande og utfordrande jobb, og bransjen er i rask vekst og utvikling. Rundt ein million personar i arbeidsliv og skule har høve til å kjøpe sitt kanskje viktigaste måltid i kantina kvar dag.

I løpet av eitt år vert det 200 millionar måltid til saman og det er klart at det ikkje er eitt feitt kva som vert servert. Vi har møtt kantinetilsette som ikkje har tenkt over kor viktig arbeidet deira er, og minna om at det å ha ansvaret for dagens servering for dei same menneska kvar dag er ein kjempeviktig jobb, seier Gulbrandsen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy