Positive til samfunnstraff
(Foto: stthomas.edu)
Oslo (NTB): - Er det noko vi er dårlege på i Noreg, så er det å rehabilitere folk slik at dei kjem bort frå den kriminelle løpebana. Derfor er vi sterkt for individtilpassa straffereaksjonar som samfunnsstraff, seier leiaren for Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, til Aftenposten.
I fjor blei 2.550 lovbrytarar dømde til samfunnsstraff. Tal frå Kriminalomsorgens kunnskaps- og kompetansesenter viser at 80 prosent av dei samfunnsstraffdømde ikkje hadde fått nye dommar tre år seinare.
- Vi er opptatt av at alternative soningsforhold skal få legitimitet i folket og i politiet. Da er det avgjerande at straffa blir oppfatta som rettferdig og blir brukt på typar av lovbrot der det er eigna, seier han.
Samfunnstraff kan kun brukast på lovbrot som ville gitt ei straff på under eitt års fengsel. (©NTB)