Omgangssjuke er noko dritt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det strammar i magen, du kjenner deg ør i hovudet og maten du åt for eit par timar sidan kjennast ut som han er på veg opp att. Uff, tenkjer du, nå har eg fått spysjuka.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hallo? Haaallooo? (Foto: acs.ttu.edu)Hallo? Haaallooo? (Foto: acs.ttu.edu)

Du er ikkje åleine, viss det kan vere nokon trøyst (men det er det vel neppe).

Omgangssjuke er typisk for vinteren, og vinteren tek jo aldri slutt dette året. Med andre ord har me ein del «ugg» og «blærk» å sjå fram mot enno ei stund.

Pølse


I desse dagar er dessutan eit kvart tillløp til magesjuke nok til at ein sjølv eller omgjevnadene bekymrar seg skakke for E.coli.

Medan ein stakkar sit der på doskåla og blomstrar, kan ein vel like godt nytte tida til å rekapitulere matinntaket dei siste tre-fire månadene for å finne ut om mårpølsa har vore inne i bildet.

Dårleg bordsskikk


Har du ikkje hatt omgangssjuke enno, har du kanskje kollegaer som har hatt det, og det kan nesten vere like ille. Når folk sit og greier ut over matpakka og kaffien om kva ende det rann mest av kvelden før - framme eller bak - og om alle gulrotbitane og maiskorna som friska opp den brune gørra dei spydde ut av seg, ja så er det reint så ein kan bli sjuk berre av det.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det brumlar og gurglar i magen. Å nei! (Foto: funnyfly.com)Det brumlar og gurglar i magen. Å nei! (Foto: funnyfly.com)

Alle spyr


Betre blir det heller ikkje når du skal hente ungane i barnehagen og dei små hoppar og sprett for å få vere første mann til å fortelje om kor mange som har spydd i løpet av dagen.

- Karsten spydde i sandkassen og Lene spydde på bordet. Ææææsj!

- Jo takk, det var jo nyttig informasjon, tenkjer du, mens du køyrer heimover. - Og no blir me vel smitta, alle i hop.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hald ut


Omgangssjuke er svært smittsamt, det veit me jo. Poenget er at viss sjuka allereie har begynt å gå, så er det ikkje så fælt mykje du kan gjere for å sleppe unna. Nokre hygienetriks, som å vaske deg på hendene etter dobesøk og før maten, er jo aldri av vegen.

- Sånn, kjære barn, no kan du trygt gå i barnehagen. (Foto: millerandlevine.com)- Sånn, kjære barn, no kan du trygt gå i barnehagen. (Foto: millerandlevine.com)

Du kan sjølvsagt isolere deg heilt frå omverda til sjuka er over, men det er vel nesten vel så trist som å sitte på do ein heil dag. Då er det vel heller betre å stå løpet ut og minne seg sjølv om at det går over, og det forholdsvis fort.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lat oss snakke om det


Det som har slått meg meir enn ein gong, er at me har så mange måtar å snakke om omgangssjuke og spying på. I farta kjem eg på desse for å spy:

  • å snakke i den store, kvite telefonen

  • rope på elgen

  • rolfe

  • puke (eng.)

- Og for sjuka:

  • farang

  • sjuttua


Har du nokre spenstige uttrykk i høve temaet, så har me ein kommentarboks under her du kan bruke. Utfordringa er hermed gitt.

Og god betring til alle sjuke der ute!

Meir om helse:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving