Vasking og krig i katteland
Kattar passar godt i vaskar, synest kattane. (Foto: catsinsinks.com)
På nettstaden
Cats in sinks
kan du sjå mange eksempel på at kattar likar å liggje i vaskar.
Kvifor då då?
Kvifor kattane likar seg der, er ikkje så lett å forstå. Dei likar å vaske seg, det er klart. Men våte vil dei helst ikkje bli.
Kanskje det er noko med formen på vasken, rund og fin akkurat som pusane sjølve, som får katten til å hoppe oppi?
Det grenselause nettet
Sikkert er det i alle fall at dette er eit utbreidt fenomen. Og at det ikkje er noko grense nokon stad for kva fenomen som fortener eigne nettstader.
Vel, nokre kattar passar ikkje heilt, men dei prøver. (Foto: catsinsinks.com)
Eg vil faktisk gå så langt som å påstå at kattar i vaskar er eit av dei bedre fenomena ein kan bruke tida si på.
Kattungekrig
Kven er den søtaste kattungen? Det er spørsmålet du kan svare på på nettstaden
Kittenwar
.
Verda som kjent full av søte kattungar. Her blir dei, kanskje litt ufint, sett opp mot kvarandre.
Ein kan kanskje meine at krig og kattungar ikkje høyrer saman, men viss ein spør kattungane, vil dei nok meine at ingenting er som ein skikkeleg slosskamp.
Kven er søtast? Birta kanskje? (Foto: kittenwar.com)
Den beste krigen
Og viss ein først skal drive på med krig, vil eg meine at denne formen for kattungekrig nok er ein av dei mest humane og uskyldige formane som er å oppdrive.
Er din endå søtare?
Viss du synest at det mangler noko på desse nettstadene, er sjølvsagt både
Cats in sinks
og
Kittenwar
opne også for
Eller er det Albator som er den søtaste? (Foto: kittenwar.com)
din katt, berre han er ein søt kattunge eller ligg i vasken. Knips og send inn, er oppfordringa.