Kengu og Gator på rømmen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein kenguru stakk av frå legen sin i Austerrike her om dagen. Og i Florida kan ein finne alligatorar både her og der.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kenguar på rømmen er ikkje særleg vanleg i Austerrike. (Foto: proccey.com)Kenguar på rømmen er ikkje særleg vanleg i Austerrike. (Foto: proccey.com)

Kenguruen held eigentleg til hjå ein kengu-oppdrettar i Tyrol, men var for tida på sjukeopphald hjå ein veterinær lenger sør i landet.

Ein dag hoppa han rett og slett over gjerdet i buret sitt og la ut på ein liten tur i snøen.

Humpar og bumpar


Forfjamsa austerrikske politimenn prøvde etterkvart å fange den tre år gamle kenguruen, men å innhente ein hoppande rømling på snøføre skulle vise seg å ikkje berre vere heilt enkelt.

Det endte med at ein annan veterinær greidde å få has på han med å bruke bedøvingspistol.

Sorry, mate


Nettstaden abclocal.com kan fortelje at det faktisk hender rett som det er at utanlandske turistar trur at dei skal få oppleve kenguruar i Austerrike, noko som visstnok skuldast namneforvirring mellom Austria og Australia. Tatt i betraktning at det er snakk om to vidt forskjellige kontinent, er no det ganske fantastisk, men la oss ikkje dvele meir med det.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Den rømte kenguruen er i alle fall tilbake i behandling for nokre små skader hjå veterinæren sin og vil etterkvart bli frakta heim til Tyrol att.

Ut på tur, igjen


Det ser ut til at dyr ikkje alltid greier halde seg der dei naturleg høyrer heime, men rett som det er ønskjer å utforske andre deler av verda. Det har me for så vidt forståing for. Tidlegare har me skrive om t.d. ein elg som hadde forvilla seg inn på ein leikeplass og sett seg fast i ei huske.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Alligatorar i parringstida har det med å oppsøke nye og spennande plasser. (Foto: home.xnet.com)Alligatorar i parringstida har det med å oppsøke nye og spennande plasser. (Foto: home.xnet.com)

Bank, bank


Ei dame ved namn Lori Pachelli i Florida fekk og uventa besøk nyss. Ho høyrde nokon banke på døra si, og då ho gjekk for å opne vart ho kanskje meir overraska enn vanleg.

På trammen stod ein alligator med blodig kjeft og stira på ho. Blodet rundt munnen kom ikkje av at alligatoren hadde ete nokon, men av at han hadde brukt munnstykkjet til å knakke på døra med.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det passar litt dårleg


No fekk ikkje alligatoren kome inn, Lori Pachelli var ikkje opplagt til besøk, i alle fall ikkje av den slags gjester. I staden vart døra stengt foran nasen på han, og han putla seg etterkvart tilbake til vatnet han truleg steig opp av. Der vart han teken hand om av kvalifiserte fagfolk.

Dei same fagfolka kan fortelje til CBS news at det ikkje er uvanleg å finne alligatorar på aparte plassar på denne tida av året.
- Det er paringssesong. Då hentar me dei ut av garasjar, av symjebasseng, ned frå terassar…

Tenk på det du, neste gong det bankar på døra hjå deg.

Les meir i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving