Jordskjelv utanfor Japan

Eit jordskjelv som målte 5,5 på Richter-skalaen rysta sørvestlege delar av Japan måndag føremiddag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: geot.civil.metro-u.ac.jp)(Foto: geot.civil.metro-u.ac.jp)

Tokyo (NTB-Reuters): Skjelvet blei registrert klokka 11.52 måndag, med senter utanfor øya Kyushu, 800 kilometer sørvest for Tokyo.

Det blei ikkje send noko tsunamivarsel etter skjelvet, som varte 15 sekund. Det er førebels ingen meldingar om personskadar. Det er heller ikkje meld om materielle skadar av betyding.

Japan ligg i eit av dei mest seismisk aktive områda i verda, og har rundt 20 prosent av verdas kraftige jordskjelv. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy