Kvalsong har språkstruktur

Songlydane til pukkelkvalen er bygd opp med komplekse hierarkistrukturar på same måten som setningar i språk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: Wikipedia)(Foto: Wikipedia)

(NPK): Nye dataanalysar av kvalsongen ser ut til å stadfeste ein omstridd teori som vart lansert i 1971.

Dei matematiske modellane som no er brukt, gjev nemleg eit meir objektivt mål på det språksystemet forskarane Roger Payne og Scott McVay meinte å sjå i pukkelkvalsongen for 35 år sidan.

Dataanlysane som no er utført ved Howard Hughes Medical Institute ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i USA, viser at kvalsongen faktisk har ein konsekvent struktur som minner om våre setningskonstruksjonar.

Det er likevel ikkje tale om at kvalane uttrykkjer seg like presist og intelligent som menneske, berre at songlydane er meir enn enkeltståande lydar, skriv vitskapsbladet New Scientist. (NPK)

Les meir i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy