Avslører korrupsjon i kommunane

17 av 266 undersøkte norske kommunar har opplevd korrupsjon eller forsøk på korrupsjon.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: ks.no)(Foto: ks.no)

(NPK): Dette kjem fram i ei ny undersøking som KS har gjennomført.

Dei fleste tilfella vart oppdaga gjennom internkontroll. No vil KS lage nye og klare retningsliner for å fjerne alt som smakar av korrupsjon frå kommunesektoren.

- Dette er kriminelle handlingar, og kommunesektoren tek dette svært alvorleg, seier KS-direktør Olav Ulleren til NRK.

Saka blir drøfta på ei ordførarkonferanse i Oslo torsdag.

- Målet er å førebyggje og oppdage korrupsjon slik at kommunesektoren kan stå fram som heilt rein, seier Olav Ulleren. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy