Til kamp mot kameraderi i kulturlivet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kulturminister Trond Giske vil ha full opprydding i jungelen av stipendordningar i norsk kulturliv.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: sjomannsunion.no)(Foto: sjomannsunion.no)

(NPK): Samtidig går han til kamp mot alt som kan minne om kameraderi.

Utspelet frå Trond Giske kjem i kjølvatnet av diskusjonen om Norsk kulturråd, som forvaltar over ein halv milliard kulturkroner. Mange meiner at det er på høg tid med ein gjennomgang av støtteordningane.

Kulturministeren har difor sett i gang ei større kartlegging av alle institusjonar, utval og komitear som har ansvaret for statlege støtteordningar.

Målet er todelt. For det første vil ein finne ut kor mykje av pengane som går med til administrasjon og byråkrati.

For det andre er målet å luke vekk alle ordningar som smakar av kameraderi og utestenging av kunstnarar som av ein eller annan grunn står på utsida av «det gode selskap».

- Arbeidet er alt i gang. Når resultata er klare, vil vi vurdere om det er aktuelt å gjere større strukturelle endringar. I så fall må det leggjast fram for Stortinget som eiga sak, seier kulturminister Trond Giske til Dagsavisen. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving