Fleire hiv-smitta prostituerte i Oslo

Eksplosjonen i talet på utanlandske prostituerte i Oslo har ført til meir hiv-smitte. Folkehelseinstituttet er uroa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: webalice.it)(Foto: webalice.it)

Oslo (NTB): I fjor blei det påvist hiv hos tolv prostituerte kvinner i hovudstaden. Dei fleste smitta kvinnene kjem frå Afrika eller Aust-Europa.

- Vi vet ikkje kor mange det er totalt, dette er berre blant dei som er blitt testa, men vi meiner det er fleire hiv-smitta prostituerte no enn tidlegare. Mange er utanlandske kvinner som er på eit kort opphald i Noreg, seier rådgjevar Øivind Nilsen i Folkehelseinstituttet til Dagsavisen.

Han åtvarar kundane og ber dei vere forsiktige.

- Menn som kjøper sex må generelt vere påpasselege. Aller helst skulle vi sett at menn lot vere å kjøpe sex, men viss dei først gjer det, må dei i alle høve bruke kondom, seier Nilsen, som også minner om at det alltid har vore hiv-smitte blant norske prostituerte. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus