Mistenkeleg kjøt framleis til sals

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjøttdeigprodukt frå Gilde Rudshøgda som ikkje er frikjent for E.coli- mistanke, blir enno selt i butikkane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: pilotbrands.com)(Foto: pilotbrands.com)

(NPK): Mattilsynet stadfestar opplysningane men vil ikkje trekkje produkta frå marknaden.

Dette er produkt som Gilde har levert til industrikundar der varmebehandling skulle drepe eventuelle E-coli bakteriar. Likevel er kjøtet lagt ut for sal i butikkane som råe matvarer, så som løvbiff og hamburgarar.

Forbrukarrådets direktør Erik Lund Isaksen meiner dette er uakseptabelt.
- Dette er heilt utruleg å høyre. Eg trudde alle desse kanalane var stengde. Dersom ein veit at det er rå kjøtprodukt i butikkane som stammar frå eit mistenkeleg parti, så skal dei vekk, seier han til NRK. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving