Europeisk ungdom valte Erlend Loe

Forfattar Erlend Loe har fått den europeiske prisen «Prix Européen des Jeunes Lecteurs» for boka «Naiv. Super».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto:kjentfolk.no )(Foto:kjentfolk.no )

(NPK): Prisen vart delt ut i Europaparlamentet i Strasbourg tysdag.

Det er 1.000 ungdommar frå 13 ulike land som står bak nominasjonen.

Ungdommane er skuleelevar ved vidaregåande skular på alderstrinnet 15-18 år. Dei har hatt europeiske romanar som del av pensum i litteratur på skulen.

Ein jury med representantar frå alle klassane valte ut vinnaren.

Dei andre nominerte forfattarane var Szusza Bank, Rafael Chirbes, Michael Frayn, Ismail Kadare og Jean-Philippe Toussaint.

«Europeisk pris for unge lesarar» er delt ut to gonger før. Tidlegare vinnarar er Jonathan Coe og Fred Vargas. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy