Desse vann Dickie Dick Dickens i påskekonkurransen
No er han her igjen! Nærmare enn du ante!
Ja, mesterforbrytaren Dickie Dick Dickens og venene hans tok faktisk turen over dammen.
Dickie Dick Dickens var den farlegaste mann på det amerikanske kontinentet og konge i Chicagos underverd. Han var lommetjuven som jobba seg opp til gangsterboss, og som spelte wienervals i ledige stunder.
Og sjølvsagt viste Chicagos farlegaste mann seg å vere like farleg her i landet vårt - trass i norske gangsterar, og, ikkje minst, norsk byråkrati.
Paul Skoe, i full forståing med Rolf og Alexandra Becker, gir deg igjen ein dose spenning du seint vil gløyme, med ei ny historie om gangsterkongen frå Chicago.
Dickie Dick Dickens blei i 2003 kåra til tidenes beste norske radiohøyrespel.
KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
Spørsmålet var:
Kva heiter skodespelaren som spelar gangsterhelten Dickens i høyrespela NRK har produsert sidan 1962?
Svaret var Frank Robert, og fem av dei som visste det, var:
Inger W. Seljestad, Norheimsund
Steinar Drægni, Ø. Årdal
Halvor Strand, Hønefoss
Olav Nordstoga, Vinje, og
Olav Lund, Finnsnes
Vi gratulerer vinnarane, som får lydboka «Dickie Dick Dickens i Norge» i posten.