Erkebiskop vil ha skapingsforteljinga ut av skulane

Den kristne skapingsforteljinga har ingenting i skulen å gjere, meiner erkebiskopen av Canterbury som er religiøst overhovud for verdas 77 millionar anglikanarar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Erkebiskop av Canterbury, Rowan Williams. (Foto: archbishopofcanterbury.org)Erkebiskop av Canterbury, Rowan Williams. (Foto: archbishopofcanterbury.org)

London (NTB-AFP): - Dersom kreasjonismen blir framstilt som ein alternativ teori på linje med andre teoriar, er det noko som skurrar, seier erkebiskop Rowan Williams til The Guardian.

- Eg er redd for at dette snarare vil bidra til å svekkje enn styrkje skapingsdoktrinen, seier erkebiskopen.

I USA rasar debatten om kreasjonismens plass i skuleverket, og tilhengjarane av teorien om at universet blei skapt av Gud hevdar at denne er like vitskapeleg som all anna utviklingslære.

Fleire amerikanske delstatar brukar læremateriell som ope stiller spørsmål ved Charles Darwin si naturvitenskapelege utviklingslære, blant anna ved å så tvil om fossilar som er millionar av år gamle og som derfor dokumenterer liv på jorda lenge før ho i følgje Bibelen blei skapt av Gud. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus