Menneske til baksida av månen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Når den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA igjen skal sende menneske til månen, blir det med det største romfartøyet verda har sett.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: pa.msu.edu)(Foto: pa.msu.edu)

(NPK): Planane vart lagt fram under ein vitskapskonferanse i Houston i USA førre veke.

NASA planlegg først å plassere eit morskip med månelandingsfartøyet i bane rundt jorda.

Mannskapet skal sendast opp i ein eigen rakett som skal kople til morskipet ute i rommet før ferda går vidare til månen.

Opp til fire personar om gongen skal kunne lande og utforske delar av månen som Apollo av tekniske årsaker ikkje kunne nå, til dømes baksida, skriv The Sunday Times.

På grunn av landingstilhøva gjekk alle dei seks Apollo-ferdene til dei store slettene på den sida av månen som alltid vender mot jorda. Fjellterreng, polane og den kraterperforerte baksida er dermed uutforska.

Astronautane skal sjølvsagt samle informasjon som kan løyse dei mange mysteria som enno står att om månen, men også leite etter vatn med tanke på etablering av ein base på månen.

Første trinn i «Tilbake til månen»-programmet lettar i 2008 i form av ein sonde som skal kartleggje måneoverflata i detalj. Deretter skal ein serie med robotfartøy førebu dei bemanna ferdene. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving