Is er storkna gass

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vatn er snåle greier. Ei stund er det gass som svirrar i lufta rundt oss, så renn det fritt og mjukt i bekkar og elvar. Og brått kan det storkna til is som sprengjer fjell og søkkjer store skip.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjå opp for fallande istappar! (foto: www.angelfire.com)Sjå opp for fallande istappar! (foto: www.angelfire.com)

Me har vatn rundt oss over alt til alle tider. Mesteparten av kroppen vår er laga av det, og mesteparten av jorda er dekt av det.

Og i desse dagar, når våren nærmar seg (i delar av landet, i alle fall…), kan me sjå på nært hald korleis vatnet oppfører seg i ulike former.

Sjå opp for fallande vatn


På islagde vatn kan isen byggja seg opp til store høgder langsmed land etter som vatnet søkk eller stig. På gater og vegar ligg restar av is og snø som minkar etter som sola får tak og det ikkje kjem påfyll av meir snø.

Men overgangen til vår er slett ikkje ufarleg. Fallande istappar og takras er ingen spøk, og frosten i bakken lagar telehiv på vegane.

Isen har kraft til å lyfta store steinar, som her frå stranda ved Granvinsvatnet. (foto: Øystein Skjæveland)Isen har kraft til å lyfta store steinar, som her frå stranda ved Granvinsvatnet. (foto: Øystein Skjæveland)

Frosten kan laga steinsprang og ras. Og når fjellsnøen smeltar går elvane flaumstore og kan gjera stor skade.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Is, vatn, damp


På kjemisk språk heiter vatn H2O, og me reknar med at det kan finnast i tre ulike tilstandar, alt etter trykk og temperatur:

Den flytande forma er den vanlegaste, i fast form heiter det is, og i gassform damp. Når vatn kokar, vert det til damp. Og når vatn frys, vert det til is.

Men is kan også gå rett over til damp utan å gå vegen om flytande vatn.

Når isen vert vekke frå gatene om våren, går han både over til vatn og direkte til damp. (foto: Øystein Skjæveland)Når isen vert vekke frå gatene om våren, går han både over til vatn og direkte til damp. (foto: Øystein Skjæveland)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kan du sjå på is som ligg att på vegen etter vinteren. Sjølv om det er frost, minkar det på isen. Dette heiter sublimering.

Synd for Titanic


Is har større volum enn flytande vatn. Difor flyt også isfjell, men berre ein liten del stikk over vatnet (9 prosent i ferskvatn og 12 prosent i sjø). Diverre for Titanic og andre som oppdaga isfjellet altfor seint.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tonnevis av sprengkraft


Det var eit flytande fjell av is som slo hol i Titanic den lagnadstunge dagen i 1912. (bilete: Willy Stöwer, en.wikipedia.org)Det var eit flytande fjell av is som slo hol i Titanic den lagnadstunge dagen i 1912. (bilete: Willy Stöwer, en.wikipedia.org)

Det er også det auka volumet i frose vatn som gjer at det kan sprengja sund fjell. Dersom ein i eldre tider (før dynamitten) hadde store stein ein ville ta vekk, var det visstnok vanleg å slå sprekkar i steinen med sleggja, og så tøma vatn i og la frosten ta resten av arbeidet.

Ved 10 minusgrader kan isen ha ei trykkraft på eit tonn per kvadratcentimeter flate.


Stig havnivået?


Isfjella flyt tungt i sjøen, omlag 90 prosent er under vatnet. (foto: en-wikipedia.org)Isfjella flyt tungt i sjøen, omlag 90 prosent er under vatnet. (foto: en-wikipedia.org)

Flytande is vil ikkje ta noko større plass når han smeltar. Så dersom den globale oppvarminga smeltar isen på nordpolen, vil ikkje det gjera at havet stig - for denne isen ligg og flyt.

Men dersom is som ligg på land smeltar - som på Grønland og Antarktis - då vil nytt vatn renna ut i havet og få det til å stiga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gå på vatnet


Dei som går på skeiser går eigentleg på vatnet. (foto: www.speedsk8.ca)Dei som går på skeiser går eigentleg på vatnet. (foto: www.speedsk8.ca)

Høgt trykk gjer at isen kan smelta ved lågare temperaturar enn null grader. Det er difor skeiser har ein smal egg, slik at vekta av skeiserennaren skaper stort trykk på eit lite område.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då smeltar vatnet akkurat der, og friksjonen vert nesten vekke. Slik at ein til dømes kan setja ny rekord på 10 000 meter, om ein vil.

Den sterkaste drykken


Eit gamalt ordtak seier det slik: «Vatn er sterkaste drykken, det driv både kvern og sag». Og vatnet har vore til stor hjelp som kraftforsyning opp gjennom tidene. For om lag hundre år sidan tok ein til å laga elektrisk straum av vasskrafta, og slik vart Noreg ein industrinasjon.

Politisk strid


Det syner at vatnet og er politisk viktig. Kven skal til dømes ha råderett over vasskrafta? Tilgang til vatn som drikkevatn og jordbruksvatning kan også vera eit stridstema, til dømes i Midtausten.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det farlege DHMO


Den kjemiske formelen H20 kan også seiast dihydrogenmonoksid, eller DHMO. Og ein intern kjemikarvits går ut på å framstilla dette som eit skummelt stoff, eit «lukt- og smaklaust kjemikalium som kan vera dødeleg dersom ein inhalerer ved eit uhell».

På grunn av slik informasjon var det nære på at byen Aliso Viejo i California i 2004 la ned forbod mot drikkebeger av isopor, på grunn av at DHMO var brukt i framstillinga.

Les meir på nettet:

  • Om vatn og is på Wikipedia

  • Høgskulen i Sogn og Fjordane skriv også om vatn

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving