Promilledømde kan få polsk førarkort

Artikkelen fortsetter under annonsen

Misser du lappen etter å ha køyrt for fort eller i fylla, kan du ta nytt førarkort i Polen. Førarkortet er gyldig i alle EU- og EØS-land.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: almuhajer.se)(Foto: almuhajer.se)

Oslo (NTB): Dette kan ein gjere utan at norske myndigheiter har høve til å gripe inn, skriv VG.

Det bekreftar fungerande leiar for trafikantseksjonen i Statens vegvesen, Erik Thomassen.

- Vi har ikkje sett på dette som eit problem så langt, men det går føre seg eit arbeid i førarkortkomitéen i EU om utveksling av informasjon om førarkortinnehavarar i EU og EØS for å hindre at dette kan skje, seier Thomassen til avisa.

Før ein utlending tar eksamen i Polen må han fylle ut eit skjema der eitt av spørsmåla er om ein har fått førerkortet inndratt av ein domstol. Alle tyskarar som fyller ut skjemaet svarar negativt på dette spørsmålet og polske myndigheiter kontrollerar ikkje om svaret stemmer.

Sjølve eksamenen er på polsk, men køyreskolane tilbyr tolkar til om lag 50 kroner timen. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving