Yndlingsplassen: Nettet som musikkinstrument

Artikkelen fortsetter under annonsen

Musikaren og multikunstnaren Per Platou er ein nærmast ubeskriveleg mann, men for å byrje ein plass kan ein kalle han ein pionér innan norsk nettkunst.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Per Platou på vasski. (Foto: Stian Andersen/ Hotrod)Per Platou på vasski. (Foto: Stian Andersen/ Hotrod)

Per Platou sto bak plateselskapet dBut som blant mykje anna ga ut Munch, Motorpsycho og Velvet Belly. Seinare har han gjort seg bemerka gjennom kunstnargruppene Motherboard og Nood, som har vore pionérar på internettrelaterte kunst / musikkprosjekt i Noreg.

Neste Klikk har snakka med den mangfaldige Platou, som er 41 år og bur i Oslo, om nettlivet hans.


- Fortel litt om ditt forhold til nettet.


- Eg er skikkeleg «old-school», har vore på nettet sidan 1995, og brukte då ein tekstbrowser som heitte Lynx. Eg byrja faktisk å bruke nettet som eit musikkinstrument :)

Per Platou. (Foto: Leon/c6)Per Platou. (Foto: Leon/c6)

- Kva er det beste med nettet?


- Det beste er at det er mogleg å gjere «casual» research om det aller meste. Og å høyre musikk som eg aldri ville ha funne elles.

- Kva er det verste med nettet?

- Som ein forskar uttrykte det: Internett er eit hav av informasjon, men havet er berre 10 cm djupt!

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kva er favoritt-nettstaden din for tida?


- Eg vender stadig tilbake til

Ubuweb

, som er ein fantastisk og uovertruffen ressurs.

- Ubuweb er eit uavhengig arkiv / nettprosjekt som dokumenterer alle formar for avant-garde og «rar» kunst og etnopoetikk. Ved sida av at arkivet er det største og beste i sitt slag er alt materialet der tilgjengeleg fullstendig gratis for ikkje-kommersiell bruk og læring.

- Kva er favoritt-nettstaden din gjennom alle tider?

- Det må vere

wikipedia.org

. Eller

postbanken.no

. Eller

trafikanten.no

. Praktiske greier med andre ord.

Ubuweb er ein uovertruffen kunstressurs.Ubuweb er ein uovertruffen kunstressurs.


- Kor på nettet er du kvar dag?

-

underskog.no

, som er ein slags sosial nettverkskalender og blogg for dei største norske byane, der eg deler timeplan og tankar med venner og kollegaer, og deira venner og kollegaer. Underskogen gjer at eg kjem meg mykje ut av huset, og kan kaste TV'en fullstendig. Riktignok må ein ha invitasjon for å vere med, men dei som vil inn klarer det alltids (som elles i livet!!)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Creative Commons er noko Platou meiner fortener meir merksemd.Creative Commons er noko Platou meiner fortener meir merksemd.

- Veit du om ein eller fleire nettstader du synst burde vere meir kjende?


- Eg synest fleire burde kjenne til eit viktig lisenssystem som heiter Creative Commons, som er ein variant av «copyleft», altså ein oppmjukning av opphavsretten. Som musikar og kunstnar er eg jo opptatt av å få betalt for ting eg har laga, samtidig som eg ønskjer å kunne dele tinga mine med offentlegheita. Mange fine tankar og gode system på

creativecommons.org



- Omtrent kor mykje tid brukar du på nettet kvar dag?


- Bortsett frå at eg har ein lei uvane med å ha mailprogrammet mitt ope heile dagen og kvelden, surfar eg vel ein time eller to kvar dag. Og så høyrer eg mykje på nettradio, til dømes

mpepe3 eclectic testicle radio


Motherboard har markert seg som pionerar innan norsk nettrelatert kunst.Motherboard har markert seg som pionerar innan norsk nettrelatert kunst.


- Kan du forestille deg ein dag utan Internett? Kva ville du ha gjort då?

- Slike dagar tar eg meg med vilje av og til, då sit eg i sola, går ein tur eller drikk øl eller les ei bok eller er saman med kjærasten min (eller alt på ein gong.)

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Har du gjort deg opp nokre tankar om det digitale klasseskiljet?

- Det digitale klasseskiljet er eit faktum, og vil bli veksande om monopoliseringa av format fortset. Det mest ekstreme var då vi var i Uganda for nokre år sidan, der vi brukte mange dagar på å få folk til å forstå konsept og ord som «mus» og «skrivebord» :)

Nood er Platou sitt bandprosjekt i lag med Ulf Knudsen.Nood er Platou sitt bandprosjekt i lag med Ulf Knudsen.


- Er nettet sosialt eller usosialt?

- Begge deler. Eg har sjølv spelt i band på nett, og gjort danse- og teaterframsyningar på nett, og fått mange nye venner på denne måten.
Men fysisk samkvem er jo nesten alltid det viktigaste og beste, og eg kjeftar stadig på sonen min for at han bruker all fritida si på World of Warcraft.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi brukar jo nettet til alt. Trur du at det berre blir meir og meir, eller er grensa snart nådd?


- Grensa er ikkje nådd, men samtidig er det ikkje relevant å snakke om nettet (som forskjellig fra andre ting) lenger. I dag har jo dei fleste av oss mobiltelefonar til dømes, og snart er iPoden innebygd, radio, browser, tv,

Artikkelen fortsetter under annonsen

Underskog.no er ein kulturkalender viss du ikkje er medlem. For å bli medlem, må du bli invitert.Underskog.no er ein kulturkalender viss du ikkje er medlem. For å bli medlem, må du bli invitert.

mail osb. osb. Og det er spennande korleis den sosiale adferden vår endrar seg etter korleis nettet utviklar seg.

- Har du nokre tankar kring etikk og moral på nettet?


- Ja, og eg trur ikkje at forbod og straff mot det vi ikkje likar fører noko bra med seg. Det same gjeld DRM (kopibeskytting) og liknande styggedom. Eit godt eksempel på det motsette er jo Open Source- rørsla som har bevist at det beste er å dele!!

- Kan du fortelje om ei skilsetjande internettoppleving?


- Det må vere då jeg heldt på med internettbandet til meg og Ulf Knudsen (Nood), i ca 1996. Eg sto i ein butikk i Oslo og hugsa plutseleg at eg skulle spele konsert i Earl's Court i London 15 minutt seinare. Så eg tok taxi heim i full fart, skrudde på maskina og kledde av meg alt unntatt underbuksa. Innan eg skjønte kva som skjedde var eg på storskjerm i London med 10000 tilskodarar, og spelte live saman med

Artikkelen fortsetter under annonsen

Peter Gabriel

,

Joey Ramone

og

Dave Stewart frå Eurythmics

. Neste gong eg kom til London blei eg mottatt som ei ekte popstjerne!

- Har du din eigen nettstad?


- Ja,

liveart.org

. Der finner du det meste om aktiviteten til Motherboard og Nood og diverse anna. Pluss nettradioen min,

mpepe3 eclectic testicle radio

, som er den beste nettradioen overhovudet for den som er litt åpen for elektronika, folkemusikk, støy, poesi, pop og country og masse anna i ein evig lapskaus.

Viss du vil vite meir om Per Platou, kjem du langt med å søkje på han i Google.

Les meir i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving