Trådlaust på togstasjonen

Artikkelen fortsetter under annonsen

For dei som saknar å kunne sjekke e-posten sin medan dei ventar på toget, er redninga er nær. Men gratis blir det ikkje.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Blir det snart trådlaust på Ustaoset? (Foto: home.no.net)Blir det snart trådlaust på Ustaoset? (Foto: home.no.net)

Denne veka blir det sett opp trådlaust nett på Oslo S, Nationaltheatret og Lillestrøm stasjonar.

I løpet av mars blir det mogleg for togpassasjerane å kople seg på internettet frå medbragt pc, ifølgje

forbruker.no

.

I løpet av året kan denne tenesta vere tilgjengeleg på dei fleste av dei omlag 400 jernbanestasjonane i Noreg, viss det viser seg at dette er noko folk vil ta i bruk.

Ikkje gratis


Gratis vert det ikkje, dei reisande må betale for nettilgangen med kredittkorta sine over nettet. Det er førebels uklart kva tenesta vil koste.

100 000 passasjerar passerer forbi Oslo S, Nationaltheatret og Lillestrøm stasjonar kvar dag. Jernbaneverket vil sjå kor mange som bruker tilbodet på desse stasjonane, før dei tar stilling til utbygging i resten av landet.

Det er den internasjonale trådlaustoperatøren The Cloud og BaneTele som står for utbygginga. Dei håper å få etablert tenesta på alle jernbanestasjonar i Noreg i løpet av 2006.

Sats på kundane


Debatten på

forbruker.no

tyder på at kundane ikkje synest det er noko gåvepakke å måtte betale for å vere på nettet i nokre minutt medan ein ventar.

- Gje oss gratis nett, sats på kundane, er oppfordringa frå engasjerte nett-debattantar.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving