Lastesykkel til allslags frakt
Lastesykkelen kan også gjera nytte som sjørøvarskip (foto: www.christianiabikes.com)
Kva gjer du når du skal frakta ungar på trening eller gitaren på øving? Fyller opp bilen og trør på gassen? Hugs at det går an å bruka sykkel også.
Vanleg i Danmark
Det finst nemleg syklar som er laga for å ta meir last enn det som går på eit vanleg bagasjebrett.
Slike lastesyklar er ikkje så vanlege her heime lenger, men me treng ikkje gå lenger enn til Danmark for å sjå rikeleg av sorten.
Å sykla på to hjul er ei øving under lastesykkeltreffet i København. (foto: www.christianiabikes.com)
Syklar for alle føremål
Lastesyklane finst i mange utgåver: Med lastevogn bak eller framme, spesialbygde syklar for å frakta born i, syklar for bosplukking og iskremsal. Mellom anna.
I Danmark har verksemda «Christiania Bikes» sidan 1984 laga varesyklar av ymse slag, og eksporterer i dag til heile verda.
Dei byrja med varesyklar i den bilfrie fristaden Christiania i København, men flytte i 1990 til øya Bornholm.
Ein kan også gifta seg i lastesykkel. (foto: www.christianiabikes.com)
Lastesykkel-treff
I København har dei også eigne treff for folk med lastesyklar. Då samlast folk frå heile landet og syklar i opptog gjennom byen.
Dei har også ymse tevlingar som «lastesykkel-tautrekking», «kven kan køyra lengst på to hjul» og «beste spesialbygde lastesykkel».
Sykkelen er også eit fint framkomstmiddel til å selja is i bygatene. (foto: www.whitbymorrison.com)
Sykkel er sunt
I desse tider med CO2-utslepp, trafikkulukker, piggdekkproblem, svevestøv og astma, burde det vera mange fordelar med å la sykkelen få ta over for bilen i blant.
I tillegg er det jo så sunt å sykla. Ein styrkjer immunforsvarer og får betre kondis og det andre med det eine. Så hiv deg på sykkelen, med eller utan last!
Les meir på nettet:
Heimesida til Christiania Bikes