Farleg å smile heile dagen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Folk som må smile i jobben sin heile dagen, blir lettare sjuke enn andre. Seljarar, kabintilsette i flyselskap og andre servicearbeidarar er mest utsette, viser ei ny tysk undersøking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: chops.com)(Ill: chops.com)

(NPK): Undersøkinga byggjer på studiar av folk som er plassert i ein kunstig arbeidssituasjon der dei måtte sjå ut som om dei var i godt humør heile tida.

Resultata tyder på at den stadige smilinga kan utløyse depresjon, sa psykologar ved universitetet i Frankfurt am Main torsdag.

Resultatet viser at viss ein er nøydd til å vere blid når det kokar innvendig, oppnår ein berre å stresse seg sjølv.

Årsaka ligg i førestillinga om at «kunden har alltid rett», ei vrangførestilling verda bør sjå til å kvitte seg med, meiner forskarane. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving