Verdas dag for vatn

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag er det Verdas vassdag, og hovudfokus dette året er på vatn og kultur.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alle treng me vatn i det daglege livet. (Foto: canalblog.com)Alle treng me vatn i det daglege livet. (Foto: canalblog.com)

Du tar det gjerne som sjølvsagt at du kan drikke vatnet som renn ut av krana di, og det er i så fall bra.

Men alt for mange stader i verda har ikkje befolkninga tilgang på reint drikkevatn, noko som resulterer i sjukdom og elende.

World Water Day


Det var under FN sin miljøkonferanse i Rio i 1992 at initiativet til ein eigen dag med fokus på vatn vart tatt, og året etter var Verdas vassdag blitt ein av FN sine faste dagar på miljøsida.

Målet med denne dagen er å få sett fokus på ein del vassrelaterte utfordringar som verdssamfunnet står overfor no og i framtida, fortel Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Typiske problemstillingar knytt til vatn, er nasjonal og lokal råderett over vassressursane, forureining, flaum og tørke og kven som skal ha råderett over verdshava.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tørke er eit alvorleg problem i mange delar av verda. (Foto: germany-info.org)Tørke er eit alvorleg problem i mange delar av verda. (Foto: germany-info.org)

Vatn til alt


Viss du tenkjer gjennom kvardagen din, vil du fort oppdage at svært mykje av det me omgir oss med på eit eller anna vis er knytt til vatn. Me kokar mat, steller oss sjølve, kleda våre og heimen vår ved hjelp av vatn.

Fisken me skal ha til middag, ferja me tar heim frå jobb, fjordane som fisken symjer rundt i, plantar, lufta, jorda, huda di, gullfisken din, det aller meste her på jorda treng vatn på eit eller anna vis. Berre tenk deg kor mykje elektrisk straum du omgir deg med og kor den kjem frå.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Utømmeleg?


I den vestlege delen av verda er me framleis så pass heldige at me kan gå gjennom kvar einaste dag utan å tenkje så mykje på om vasskjeldene våre går tomme.

I dag vil FN at me skal setje fokus på vatnet. (Foto: kurtscheidt.de)I dag vil FN at me skal setje fokus på vatnet. (Foto: kurtscheidt.de)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men kva skjer der det er knapt om vatnet? Foreninga Iska (Internasjonalen for stats- og komuneansatte) ønskjer at Verdas vassdag skal handle om nett det.

Menneskerett


I ein artikkel i Fagbladet peiker Iska på at fagforbunda verda over bør nytte Verdas vassdag til å minne regjeringa si om at tilgang til vatn bør vere ein menneskerett.

- Vassforsyninga i alle land skal vere offentleg og ikkje noko nokon skal tene pengar på, seier David Boys i Iska.

Ønskjer du å vite meir om Verdas vassdag og om vatn, har me lagt ut peikarar i faktaboksen.


Meir om Verdas vassdag og vatn:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving