Trikkedrapsmannen går fritt utan tilsyn

19 månader etter at han gjekk amok med kniv på ein trikk i Oslo, går den 41 år gamle norsksomaliaren laus utan tilsyn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: uncletaz.com)(Foto: uncletaz.com)

Mannen blei erklært sinnssjuk i gjerningsaugeblinken og blei dømt til
tvunge psykisk helsevern etter at han knivstakk fleire personar på 17-trikken i august 2004.

41-åringen er innlagt på open post ved Dikemark sjukehus, og får forlate sjukehuset utan tilsyn, skriv VG.

Ullevål universitetssjukehus forsikrar at det ligg grundige tryggleiksvurderingar til grunn for behandlinga, men sambuaren til 23 år gamle Terje Mjåland som dødde av stikkskadane han blei påført på trikken, reagerer med vantru på at drapsmannen allereie kan gå fritt.

- Ingenting kan beskrive kor grusomt det har vore å akseptere at Terjes drapsmann er gal og treng hjelp. Og nå vert han sleppt fri? Han skal ikkje gå fri, seier kvinna til VG.

Norsksomaliaren sin advokat Heidi Bache-Wiig understrekar at mannen ikkje sonar straff og at det er opp til legane å avgjere kor mykje fridom han skal ha. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy