- Krekar skal ut så fort som mogleg

Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen (Ap) skjønar godt at unge muslimar blir frustrert over utspel frå mulla Krekar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: Wikipedia)(Foto: Wikipedia)

(NPK): Statsråden seier Krekar skal ut av landet så fort som mogleg.

- Det er situasjonen i Irak som gjer at han ikkje kan utvisast straks. Vi er avhengige av å få ein avtale med irakiske styresmakter som sikrar at Krekar ikkje risikerer dødsstraff, seier Hanssen til NTB.

I eit intervju med Dagbladet måndag sa mulla Krekar blant anna at det pågår ein krig mellom den vestlege verda og islam, og at Osama bin Laden er eit godt menneske.

Han seier også at vestens materialisme og egoisme har teke over og forandra tankesettet i kristendommen, blant anna ved at ein no aksepterer homofili. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy