Pølsemakar kan gi svar på bakteriemysteriet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Karbonadar kjøpt hos ein lokal pølsemakar på Ringebu kan gi svaret på kva for ein gard e.coli-smitten kjem frå, skriv Nationen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: ug.dk)(Foto: ug.dk)

Oslo (NTB): Den tre år gamle jenta frå Ringebu som før helga blei innlagt på sjukehus, kan ha blitt smitta av karbonadedeig kjøpt hos pølsemakaren.

- Vi veit at jenta blant anna har fått i seg karbonadedeig, kjøpt hos ein pølsemakar i Ringebu. Han kjøper råvarene frå oss, til liks med veldig mange andre lokale kjøpmenn i dette distriktet. Nå ventar vi på analysane, seier direktør Knut Framstad i Gilde. Analysane vil tidlegast vere klare i slutten av denne veka.

- Blir det påvist smitte i dette partiet, er vi nærmare ei løysing. Då er det kanskje muleg å finne besetninga som kjøttet stammar frå, seier Framstad. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving