NOKAS-saka mest omtalt i Noregs historie

NOKAS-saka er den mest omtalte rettssaka i landet si historie, med nesten 40.000 artiklar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: diskutabelt.com)(Foto: diskutabelt.com)

Oslo (NTB): Før domsavseiinga fredag, har saka vore omtalt i nesten 40.000 artiklar i landets papir- og nettaviser.

Tusenvis av TV- og radioinnslag er ikkje medrekna i statistikken. Dette gjer NOKAS-saka unik. Både Finance Credit, Orderud og Treholt bleiknar i samanlikning. Dette viser ei fersk teljing medieovervåkarane i Retriever Norge har laga.

- Mest merksemd i dekninga av Nokas-saka har David Toska sikra seg. Toska er omtalt i nesten halvparten av artiklane med sine nesten 18.000 artiklar og kan vel med rette kallast tidenes største kjendisforbrytar, opplyser medieanalytikar Tommy H. Brakstad ved Retriever Norge.

Orderud-saka er til samanlikning berre omtalt i nesten 18.000 artiklar målt over ein mykje lengre periode, mens gutta i Finance Credit kun klarte å karre til seg litt over 10.000 artiklar.

Ikkje overraskande er det media i Stavanger som skriv mest om NOKAS. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy