Ein hund som har kledt seg ut som ei bie
Kva med å kle ut hunden din som ei bie? (Alle foto: beedogs.com)
Viss vi skal tru nettstaden
beedogs.com
, er det ganske vanleg at hundar kler seg ut som bier.
Biehundar for ein kvar smak
Bevis finn du også, nettstaden viser uendeleg mange bilde av biehundar.
Dei finst i alle storleikar og fasongar, og biekostyma er meir og mindre forseggjorde.
Ei dame ved namn Gina Zycher står bak nettstaden, og ho forklarer på sidene at ho ein gong kom over eit nusseleg fotografbilde av ein hund utkledt som bie.
Nysgjerrig
Ho blei forundra og nysgjerrig, og fann etterkvart ut at det finst mange slike bilde. Noko skal ein jo samle på, så Gina bestemte seg for å samle på bilde av hundar kledt ut som bier.
Wolfie poserer med gule knottar på følehorna.
Nettstaden
beedogs.com
blei til i 2005, slik at vi alle no kan nyte synet av ein heil haug med nusselege og mindre nusselege biehundar.
Som hund, så eigar
Faktisk har ho nokre bilde der hundeeigarane også har kledt seg ut som bier. Det er jo riktig kjekt å kle seg ut i lag med den ein er glad i!
Vil ha fleire
Gina vil gjerne ha bilde av fleire biehundar. Men dei må vere ekte, og ikkje fotomanipulasjonar.
Skikkelege hundar som har tatt på seg ordentlege biekostyme, er det ho er ute etter.
Adopsjon
Denne hunden heiter Elvis. Han kler då striper ganske godt, eller?
Så viss du har ein biehund, eller plutseleg fekk lyst til at bissevovven din skulle forvandlast til ein slik ein dag, så blir nok Gina glad viss du sender henne eit bilde av bisken i biemundur.
Viss du har mista biehunden din, eller har lyst til å adoptere ein, kan jammen
beedogs.com
hjelpe deg med det og.
Kvifor?
Kvifor eigarane kler ut hundane sine som bier, får vi ikkje noko forklaring på.
Men det ser ut som om hundane synest det er høveleg i orden å vere bie for ein dag.
Så då skal ikkje vi leggje oss borti det.
Les meir i Neste Klikk:
Her finn du andre hundekostymetips