Nytt rekordår for hjortejakta
(NPK): Sidan 1991 utgjer dette ein auke på om lag 17.000 dyr.
Sjølv om hjorten framleis spreier seg til nye fylke, blir dei fleste hjortane felt i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Det var jegerar i desse fylka som felte 95 prosent av dyra, går det fram av ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Sogn og Fjordane er framleis landets hjortefylke nummer ein. Nær 9.000 hjortar vart felt her. Den største hjortekommunen er i nabofylket Hordaland. For fjerde året på rad var Kvinnherad på topp med 818 felte dyr i 2005.
Sjølv om hovudmengda av hjortestammen er på Vestlandet, er hjorten også å finne på Austlandet. Det er særleg Oppland, Buskerud og Telemark som kan vise til jakt av noko omfang.
I alt var det 259 kommunar som hadde hjortejakt hausten 2005, og om lag 31.000 jegerar er med og jaktar på hjorten (NPK)