Vil du ha ditt eige luftskip?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bruktbilar har me alle høyrt om, men bruktluftskip er ikkje like daglegdags. No har du likevel sjansen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Luftskip var det store og framtidsretta tidleg på 1900-talet. Her «Graf Zeppelin» frå 1929. (foto: www.airships.net)Luftskip var det store og framtidsretta tidleg på 1900-talet. Her «Graf Zeppelin» frå 1929. (foto: www.airships.net)

I desse dagar er det eit brukt luftskip til sals i Oslo. Og for deg som ikkje veit det - eit luftskip er altså ein stor, sigarforma ballong som er fylt med gass og svevar majestetisk og lydlaust over himmelen som ei stor, kvit sky.

Luftskip var i si tid det verkeleg store i luftfarten. Dei kunne frakta både passasjerar og gods mykje lenger enn det flya kunne på den tida - me talar då om 1920- og 1930-talet. Meir om det seinare.

Reklameskip


Eit lite luftskip til reklameføremål er til sals no (foto: finn.no)Eit lite luftskip til reklameføremål er til sals no (foto: finn.no)

Men eg må nok ta vonbrotet med ein gong. Det er ikkje eit slikt luftskip du kan få tak i på

finn.no

i dag. Sjølv om det liknar på dei storvaksne forgjengarane sine, er dette eit lite skip på åtte meter, helst tenkt til å frakta reklamebanner og sleppa ned flygeblad og slikt.

Og du må nok gje opp draumen om å sigla mellom kvite skyer i denne farkosten - lyfteevna er berre 30 kilo. Nok til luftskipet sjølv og litt reklame, men i snauaste laget for eventyrlystne kvinner og menn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Luftskip til Amerika


Då «Hindenburg» brann i 1937 var det slutt for luftskipa. (foto: www.altfrankfurt.com)Då «Hindenburg» brann i 1937 var det slutt for luftskipa. (foto: www.altfrankfurt.com)

Då var det annleis før i tida. Det fyrste luftskipet letta i Paris i 1852 og var drive av dampmaskin og styrt med segl. Luftskipa vart stadig betre og meir utbreidde, og langt inn på 1900-talet var dei overlegne flya når det galdt flygelengd og last.

Stordomstida var 1920- og 1930-talet, med den tyske greven Ferdinand von Zeppelin som ein sentral luftskipbyggjar.

Luftskipa gjekk i rutetrafikk med passasjerar mellom Europa og Amerika, og på den tida var ei reisetid på berre 2-3 dagar over Atlanteren for eit mirakel å rekna.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Hindenburg»


Det mest vidgjetne av luftskipa vart det tyske «Hindenburg», som framleis er det største menneskeskapte objektet som har letta frå bakken. Det var heile 245 meter langt, nesten like langt som passasjerskipet «Titanic».

På transatlantiske turar tok «Hindenburg» 50 passasjerar, som alle hadde moderne lugarar. Det var til og med røykerom om bord, sjølv om skipet var fylt med eksplosiv hydrogengass.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I våre dagar er luftskip i bruk for å rydda miner, som i Kosovo i 2000 (foto: www.mineseekers.com)I våre dagar er luftskip i bruk for å rydda miner, som i Kosovo i 2000 (foto: www.mineseekers.com)



Men «Hindenburg» vart også slutten på luftskips-æraen. Den 6. mai 1937, ved Lakehurst utanfor New York, tok skipet fyr og brann opp på under eit minutt. Over 30 menneske omkom, og seinare har ikkje luftskipa hatt nokon stor plass innan luftfarten.


Mineleiting frå luftskip


Men nokre luftskip finst det framleis, brukt innan til dømes forsking og luftfotografering. Hausten 2000 brukte dei i Kosovo eit luftskip med radar til å leita etter miner.

Dette skipet var om lag 50 meter langt og kunne frakta 5 personar. Det er engelsk-amerikanske «The Lightship Group» som eig dette og mange av dei andre luftskipa som er i drift i verda i dag.

Frå luftskip til tropeland


Gigantskipet «Cargolifter» skulle frakta 160 tonn, men prosjektet stranda i 2003. (ill: manager-magazin.de)Gigantskipet «Cargolifter» skulle frakta 160 tonn, men prosjektet stranda i 2003. (ill: manager-magazin.de)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Størst tru på framtida for luftskipa hadde nok dei som rundt årtusenskiftet byrja å planleggja eit enormt gods-luftskip som skulle kunna lyfta 160 tonn. Tanken var å kunna frakta til dømes industrianlegg og feltsjukehus til utilgjengelege stader, og utan å måtta dela dei opp.

Dei bygde verdas største hangar utanfor Berlin til å byggja luftskipet, som fekk namnet «Cargolifter». Men prosjektet stranda i 2003 og no er hangaren kjøpt opp av eit firma som har bygd eit innandørs tropisk ferieparadis der.

Les meir på nettet:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving