Skal hindre vogntogkaos ved snøfall

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vogntog vil bli stogga av vegvesenet på ferjeterminalen i Langesund under snøvêr. Dei skal ikkje kome vidare utan kjettingar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Online.no)(Foto: Online.no)

(NPK): Ved kvart snøfall har det vore det komplette kaos ut frå ferjekaia i Langesund.

Utanlandske vogntog har stått på kryss og tvers og sperra all trafikk, melder NRK Østafjells.

Under snøfall skal sjåførane bli varsla om kjettingar allereie medan dei sit på ferja frå Danmark.

Vegvesenet vil også endre skiltinga ut frå hamneterminalen slik at vogntoga vert ført inn på riksvegen, og ikkje køyrer andre vegar som kanskje navigeringssystemet GPS viser.

Slik vil dei bli leia inn på ein veg som er betre salta og har betre standard enn fylkesvegen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving