Togførarar sovnar på jobb

Artikkelen fortsetter under annonsen

Togførarar kan bli så trøytte på jobb at dei risikerer å duppe av medan toget er i fart.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: norden.org)(Foto: norden.org)

(NPK): Ifølgje ein rapport frå det danske arbeidsmiljøinstituttet, kan lokførarar få svevnproblem på grunn av uregelmessig arbeidstid og einsformig arbeidssituasjon, melder NRK.

- Det er ikkje uvanleg at lokførarar sovnar i førarhuset, fortel verneombodet for NSBs lokførarar på Hamar og Dombås, Per Martinsen.

Martinsen har sjølv opplevd å duppe av på jobben. Han opplyser til NRK at tilfelle med såkalla mikrosvevn ikke er uvanleg hos norske togførere.

Han kjenner til situasjonar som kunne ha blitt farlege dersom ikkje tryggleikssystemet automatisk togstans (ATS) hadde blitt aktivert og situasjonen avverga.

Overlege Bo Veiersted ved Statens arbeidsmiljøinstitutt seier at å ha sove for lite og vere trøytt på jobben er ein viktig risikofaktor for lokførarane. Han viser til at særleg skiftarbeid om natta statistisk sett er langt farlegere enn jobbing resten av døgnet.

Forbundsleiar Øystein Aslaksen i Norsk Lokomotivmannsforbund seier at det ikke finst dokumentasjon på at trøytte lokførarar har vore årsak til ulykker i Noreg. Norsk Lokomotivmannsforbund meiner likevel at problemet er stort og vil arbeide for å få mindre nattarbeid. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving