Verre for skilte foreldre å flytte

Det skal bli vanskelegare for skilte foreldre å ta med seg barna og flytte langt unna.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): I framlegget til ny barnelov vil oppvekstmiljøet, skolen og venene bli tillagt større vekt enn i dag, og barnet skal sikrast samver med begge foreldra.

Det er ein einstemmig familiekomite på Stortinget som ønskjer å endre lova, skriv Dagsavisen.

I praksis kan dette bety at det blir lettare for far å få ein større del av omsorga. Den nye lova vil leggje betre til rette for at begge foreldra bur i nærmiljøet, og flytting skal få konsekvensar for samveret.

- Det skal bli vanskelegere å flytte barn, sier Gunn Karin Gjul (Ap),
nestleiar i familie- og kulturkomiteen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy