Framleis fleirtal mot EU

Artikkelen fortsetter under annonsen

Halvparten av dei som har bestemt seg, seier nei til norsk EU-medlemskap, viser ei meiningsmåling som Sentio har gjort for avisene Klassekampen, Dagen og Nationen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: library.uiuc.edu)(Foto: library.uiuc.edu)

NPK): Dette er den 11. månaden på rad at Sentiomålingane viser klart fleirtal for nei-sida.

49,8 prosent av dei som har gjort seg opp ei mening, seier nei til norsk medlemskap i EU. 38 prosent seier ja, medan 12,2 prosent ikkje veit kva dei meiner om saka.

Framleis er det ja-fleirtal i Oslo og Akershus, medan det største nei-flertalet er i dei nordlegaste fylka. Målinga viser vidare at det er fleirtal mot EU-medlemskap i alle inntekts- og aldersgrupper.

Høgreveljarane seier klart ja til EU-medlemskap, Arbeidarpartiet er delt på midten, medan alle dei andre partia har klart nei-flertal blant veljarane sine. (NPK


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving