Frå Besseggen til sengehalmen i Gudbrandsdalen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den Norske Turistforening (DNT), Norges Bondelag, Innovasjon Norge og kulturgardar i Gudbrandsdalen har slått seg saman om tilbodet «Fra Dal til Fjell».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: DNT)(Foto: DNT)

(NPK): Det vil seia at fjelltilboda til DNT skal koplast saman med gardsturisme, lokalkultur og tradisjonar på gamle gardar i Gudbrandsdalen.

Turane er skreddarsydde for forskjellige målgrupper, og kombinerer natur og kultur for store og små. I sommar blir det tilbydd fem ulike spesialturar som startar på fjellet og endar på ein av gardane som er med i opplegget.

Det vil seia Øygarden, Nordgarden Aukrust, Brimi-Sæter, Valbjør, Rudi Gard, Sygard Grytting og Nordre Ekre. Fleire av gardane har bygningar frå 1700-talet, andre har minner på garden som skriv seg heilt tilbake til vikingtida.

- Ved å kombinere fjellturane i turistforeininga med besøk på desse historiske gardane, ønskjer vi å gje eit rikare opplevingstilbod til fjellturistane, seier generalsekretær Kristin Krohn Devold i DNT.

Bondelagsleiaren Bjarne A. Undheim peikar på at tilbodet vil styrkje godt etablerte gardsturismebedrifter og auke den lokale verdiskapinga.

- Og for fjellturistane er det ein sjanse til å koma inn i husa og ned i sengehalmen i gamle tradisjonsrike gardar, seier Undheim. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving