Sivilisert samkvem over salaten

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ete sunt, trene og ikkje røykje er ikkje nok lenger. No må du vere snill med kjærasten din og.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje lurt å hisse seg alt for mykje opp i dagleglivets små diskusjonar. (Ill: daf.uni-mainz.de)Ikkje lurt å hisse seg alt for mykje opp i dagleglivets små diskusjonar. (Ill: daf.uni-mainz.de)

Forskinga har frå før fortalt oss at folk som lever i parforhold har betre helse enn dei som ikkje gjer det.

No ser det ut til at det forheld seg meir nyansert enn som så, og at måten ein taklar ueinigheit på er avgjerande for korleis det går med hjarta og blodårene.

Eit langt og lykkeleg liv


Det er som kjent ikkje mogleg å vere einige om alt. Men korleis snakkar vi saman når vi har forskjellig oppfatning av ting?

Dette spørsmålet kan avgjere om du og kjærasten din får eit langt eller eit litt mindre langt liv, ikkje berre i lag, men i det heile.

Harde kranglar= harde blodårer


Harde kranglar ser ut til å resultere i harde blodårer, skriv

Forskning.no

, og refererer til professor Tim Smith ved the University of Utah. Smith og kollegaene hans har nemleg gjort ei undersøking blant 150 friske ektepar der minst ein av ektefellene var mellom 60 og 70 år. Kvart par fekk i oppgåve å finne eit tema dei var ueinige om, og diskutere dette i seks minuttar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«

Kor teit går det an å bli?»


Krangling er ikkje bra for helsa. (Foto: redcross.ca)Krangling er ikkje bra for helsa. (Foto: redcross.ca)

Diskusjonane blei tatt opp på video, og analyserte av hovudfags-studentar, som delte samtalane opp i enkeltytringar.

Studentane fann ut om setningane var venlege, eller om dei var meir fientlege, av typen «Åååå, du er så idiotisk!».

Ekteskapsrettleiing


Det viste seg at det var stor forskjell på korleis para kommuniserte om ting dei var ueinige om. Eller krangla, som det heiter på godt norsk. Nokre diskusjonar føregjekk på fredeleg og venleg vis, andre vart så oppheita at studentane måtte foreslå ekteskapsrettleiing for enkelte par.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Krangel=forkalking


To dagar etter samtalane blei alle ektefellene undersøkte med ein CT-skannar, for å finne ut korleis det sto til med blodårene rundt hjarta. Resultata tyda på ein samanheng mellom korleis ein kranglar og forkalkingar i blodårene rundt hjarta.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjønnsskilnader


Kvinner som var fientlege i diskusjonar med ektefellen, hadde meir forkalka årer rundt hjarta enn andre. Viss mannen óg var uvenleg, blei konas årer ekstra forkalka.

Mennene viste seg å ikkje reagere på same måte. Hos dei viste det seg å vere mest forkalkingar der anten han sjølv eller kona var kontrollerande og dominerande under diskusjonane.

Då er det altså igjen bevist: Venlegheit varer lengst.


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving